Eg hjelper leiarar stå stødig i det komplekse og uføreseielege. Og eg hjelper organisasjonar utvikle seg på ein måte som faktisk passar den kvardagen dei er i.
Eg overtok Sogndal kommune midt i ein krevjande samanslåingsperiode og midt i ein pandemi. Oppdraget var å skape orden, tillit og retning i ein organisasjon som hadde bruk for alle tre.
Det eg fann ut er at dei fleste offentlege verksemder er organisert og brukar ein styringslogikk frå ei anna tid. Det gjer det vanskeleg å løyse oppdraget. Ein endar med for mykje kontroll, for lite tillit og siloar og sektorar som ikkje lagar løysingar ut frå innbyggjarane sine behov.
Med leiarerfaring frå kommune og fylkeskommune sidan 2013 kjenner eg kulturen, språket og kvardagen på fleire nivå. Eg tilbyr noko dei store konsulenthusa ikkje kan: nærleik, kjennskap til rolla innanifrå og forståing for dei løysingane offentleg sektor faktisk treng for å møte framtida.
Sakprosa retta mot leiarar i offentleg sektor. Boka kombinerer personleg erfaring, organisasjonsteori og praktiske verktøy i ein tilgjengeleg og direkte stil — om mot, tillit og det systemet aldri spør om. Dei fleste leiarar veit kva dei bør gjere. Problemet er at systemet dei lever i, gjer det svært vanskeleg å faktisk gjere det. Svaret eg fann overraska meg — og vil sannsynlegvis overraske lesaren.
Toppleiarrolla er einsam på ein heilt spesiell måte. Du kan ikkje vere usikker oppover og nedover på same tid. Dei store spørsmåla om retning og kultur blir sjeldan stilt av nokon som ikkje har eigeninteresse i svaret.
Leiarsparring er ein fast arena der du kan tenkje høgt, teste vurderingar og få direkte tilbakemelding frå nokon som kjenner rolla innanifrå.
Kva 1:1-program for kommunedirektørar og toppleiarar. Ikkje klassisk coaching, men ein jamleg samtale med nokon som har sete i same stol og ikkje har eigeninteresse i svaret ditt.
For kven Kommunedirektørar og toppleiarar.
Mange verksemder kjenner at dei eksisterande styringsverktøya ikkje lenger er tilpassa ein ny kvardag. Det tradisjonelle budsjettet skapar årsplanar som er utdaterte før dei er vedtekne. Toppstyring hindrar at avgjerder vert tekne der kompetansen og kontakten med innbyggjarane er. Og rutinar som eingong sikra kvalitet, set no grenser for fornying og endring.
Alternativa finst og er prøvde ut. Budsjett kan erstattast av dynamiske mål og rullande prognosar som gjev reell styring. Avgjerdsmakt kan delegerast til team som har eigarskap til oppdraget sitt. Og tenester kan utviklast nedanfrå, saman med dei som brukar og leverer dei.
Inngang Halvdagsverkstad — saman undersøkjer vi kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Kan utviklast til eit lengre forløp.
For kven Leiargrupper i kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder.
Gjennom leiarkarrieren har eg bygd fagleg tyngde innanfor felt som krev både strategisk overblikk og operativ forståing. Dette kan vere til nytte for verksemder som treng ein erfaren ressurs inn i konkret arbeid eller prosjekt.
Strategi og tenesteutvikling Utvikling av strategiar og tenester — frå retningsval og prioritering til konkret endring.
Beredskap og krisehandtering Beredskapsplanlegging og kriseleiing i kommunal kontekst.
Plan og samfunnsutvikling Strategisk planlegging, arealutvikling og tenesteutvikling i møte med demografiske endringar.
Næringsutvikling og regional utvikling Samhandling mellom kommune, næringsliv og fylke for varige utviklingsløp.
Føredrag og innlegg Om utfordringsbildet til norsk offentleg sektor — for konferansar, leiarsamlingar og styreseminar.
Alle oppdrag startar med ein innleiande samtale der vi finn ut om dette passar for deg eller verksemda di. Ingen forplikting.
Send meg ein e-post